torsdag 14. juli 2011

Riksveg 3

Rv3 er hovudvegen gjennom Østerdalen og er stamveg. Riksvegen går mellom E6 ved Stange i Hedmark fylke og E6 ved Ulsberg iRennebu kommune i Sør-Trøndelag fylke. Vegen er 291,3 km lang, med 277,8 km i Hedmark og 13,5 km i Sør-Trøndelag.

Riksveg 3 er den mest brukte vegen for transport mellom Oslo og Trondheim, med ca. 90 % av tungtrafikken og mesteparten av personbiltrafikken mellom dei to byane. Årsaka er at vegen er ca. 42 km kortare enn E6 og har betre kurvatur, går gjennom færre tettstader og har mindre bakkar.


Kilde: Wikipedia

Ingen kommentarer: